Kvam herad logo

Kvam herad er ein kompetanseorganisasjon. Den viktigaste innsatsfaktoren i våre tenester, er deg som tilsett. Dine kunnskapar, evner, ferdigheiter og haldningar påverkar korleis våre brukarar, innbyggjarar og andre opplever kommunen vår.

For å nå målet om ei oppsiktsvekkjande framtid, treng me medarbeidarar og leiarar som er profesjonelle, lagspelarar og innovatørar. Leiarar har i tillegg forventning om å vera meistringsorienterte og effektjegarar. Desse eigenskapane kjem ikkje av seg sjølv, og det er laga ei rekkje overordna kompetansemål som me som organisasjon ynskjer å nå, med utgangspunkt i tre ulike perspektiv: brukar, arbeidsgjevar og medarbeidar.

Me er ein mangfaldig organisasjon med svært ulike krav til kompetanse, men noko er basiskunnskap som alle tilsette må kjenna til. Det er difor utarbeidd felles kompetansetiltak for alle som arbeider i Kvam herad. I tillegg er pakkane tilpassa dei ulike einingane, og nokre inneheld óg kompetansetiltak som er spesifikke for enkelte stillingar.

Rådmannen vil nytta høve til å takka alle som har medverka til å utarbeida kompetansepakkane, men òg minna om at kontinuerleg forbetring (lean) er viktig for at me skal nå måla våre. Har du innspel til vidare utvikling av kompetansen vår, meld frå! 

Kvam herad - rådmannen


Sist oppdatert
13.12.2022
Læringsformat
Nettkurs
Deltakervurderinger
Beklager, men det er ikke mange nok som har vurdert dette kurset ennå.
Kursvurderinger