Grunnkurs i arbeidsmiljøkunnskap

Opplæringstilbod etter krav i arbeidsmiljølova § 3-5 og § 6-5 første ledd og § 7-4.

Kursdato: 13., 14. og 22. april 2021

Stad: Digitalt kurs med aktiv deltaking

Kurset er obligatorisk for nye leiarar, tillitsvalde og verneombod, jf. krav i arbeidsmiljølova §§ 3-5, 6-5 og 7-4. HMS- og kvalitetskoordinatorar er også velkomne.

Er det meir enn 5 år sidan sist du tok kurset, tilrår vi deg å friske det opp att no.

Kurshaldarar: HR HMS og kvalitetsstyring i samarbeid med bedriftshelsetenesta Avonova (tidl. Stamina).

Kursform: Digitalt kurs med aktiv deltaking, via kursplattforma KS læring.  Sjå intranett – HR, kvalitet og HMS – Kompetanseutvikling: kurs og e-læring dersom du har problem med pålogging.

Teams vet nytta som digitalt møterom.

Dei påmeldte vil få tilsendt ein link til kurset dagen før kursstart.

Som du kan sjå, går kurset over 3 dagar med ein pause mellom dag 2 og 3. Her får du høve til å gjere ei heimeoppgåve. Dette er obligatorisk for at kurset ditt skal bli godkjend.

Vel møtt til digitalt kurs – frå kontoret/arbeidsplassen eller heimanfrå

Detaljert program for dagane 


Produsert av
Vestland fylkeskommune, HR HMS-K
Tid fra - til
13.04.2021 kl. 08:30-15:00
14.04.2021 kl. 08:30-15:00
22.04.2021 kl. 08:30-15:00
Tidsbruk
40 timer
Forventet innsats
Aktiv deltaking i gruppe med eigenerfaring
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
6 av 40
Påmeldingsfrist
12.04.2021