Kvam herad logo

Kvam herad er ein kompetanseorganisasjon. Den viktigaste innsatsfaktoren i våre tenester, er deg som tilsett. Dine kunnskapar, evner, ferdigheiter og haldningar påverkar korleis våre brukarar, innbyggjarar og andre opplever kommunen vår.

For å nå målet om ei oppsiktsvekkjande framtid, treng me medarbeidarar og leiarar som er profesjonelle, lagspelarar og innovatørar. Leiarar har i tillegg forventning om å vera meistringsorienterte og effektjegarar. Desse eigenskapane kjem ikkje av seg sjølv, og det er laga ei rekkje overordna kompetansemål  som me som organisasjon ynskjer å nå, med utgangspunkt i tre ulike perspektiv: brukar, arbeidsgjevar og medarbeidar.

Me er ein mangfaldig organisasjon med svært ulike krav til kompetanse, men noko er basiskunnskap som alle tilsette må kjenna til. Det er difor utarbeidd ein felles kompetansepakke for alle som arbeider i Kvam herad. I tillegg er det laga pakkar for dei ulike einingane og nokre som er spesifikke for enkelte stillingar.

Rådmannen vil nytta høve til å takka alle som har medverka til å utarbeida kompetansepakkane, men òg minna om at kontinuerleg forbetring (lean) er viktig for at me skal nå måla våre. Har du innspel til vidare utvikling av kompetansen vår, meld frå! 

Kvam herad - rådmannen

Sist oppdatert
08.02.2023
Læringsformat
Nettkurs
Deltakervurderinger
Beklager, men det er ikke mange nok som har vurdert dette kurset ennå.
Kursvurderinger