Formålet med kurset er å gje arbeidstakarane grunnleggjande innsikt i korleis ein kan møte aggresjon og vald på arbeidsplassen på best mogleg måte.

Deltakarane skal få økt forståing for korleis ein møter aggressive menneskjer og  få kjennskap til kva verbale og fysiske teknikkar som kan vere til hjelp i slike situasjonar.

Målgruppe er tilsette som arbeidar med utagerende elevar og pasientar.

Kursholdar er Bjørn Petter Hanssen, RESIMA – ressursar i møte med aggresjon.

Kurset vert arrangert i administrasjonslokalet til Vestland fylkeskommune i Bergen, Sandslihaugen 30. 

Buss og bybane stoppar like nedanfor. Det er og gode parkeringsmoglegheiter.

Kurset er gratis for alle tilsette i Vestland fylkeskommune. Utgifter til reise og eventuelt opphald må dekkast av tenestestad.

Manglande oppmøte
Om du ikkje melder fråfall seinast den 30. mai må du melde deg av via KS læring (her), vil arbeidsgjevar bli fakturert med kr. 600,- for manglande oppmøte (Ved akutt sjukdom held det å melde frå same dag - send mail til hms@vlfk.no).


Program 

·         Aggresjon som fenomen

·         Kommunikasjon og dempande strategiar

·         Fysisk aggresjon

·         HMS og arbeidsmiljølov

·         Dei rettslege grensene ved bruk av tvang

·         Grensesettande tiltak

·         Samarbeid og samhandling

·         Risikovurdering

 

Praktisk informasjon
Det blir servert mat frå kantina begge dagar. Dersom du har allergiar eller liknande, melder du frå om dette ved å sende ein mail til kursansvarleg ved påmelding.




Produsert av
Vestland fylkeskommune
Deltakere
Kurssted
Solgløtt, konferansesenter 4.etg
Tid fra - til
01.06.2022 kl.09:00-15:00 og 02.06.2022 kl.09:00-15:00
Tidsbruk
12 timer
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
9 av 20
Påmeldingsfrist
25.05.2022