Ålesund kommune nyttar KS 10-FAKTOR som verktøy for medarbeidarundersøking og utvikling av verksemder og avdelingar.
Dette kurset gjev ei innføring i kva 10-FAKTOR er. Kurset er ikkje eit fullstendig læringsløp, og vil verte supplert med fysiske samlingar og konkret opplæring framover.
Kurset er delt opp i fire delar:
Del 1 - Innføring i 10-FAKTOR
Del 2 - Førebuing av 10-FAKTOR
Del 3 - Gjennomføring av 10-FAKTOR
Del 4 - Tolking og oppfølging av resultata
I tillegg finn de ein video med eit døme på korleis ein i praksis kan gjere oppfølgingsarbeidet på arbeidsplassen. Denne videoen er laga av Bergen kommune.
Vi har fått høve til å hente delar av kurset frå andre kommunar. Difor er del 1 på bokmål og resten av kurset på nynorsk.
