Blir du usikker når du skal skrive nynorsk? I dette nettkurset får du verktøy som gjer deg tryggare på å bruke nynorsk i arbeidskvardagen. Kurset egner seg for alle tilsette i det offentlege.

Om dette kurset

Fakta om kurset

  • Kurset er utvikla av Språkrådet i samarbeid med Difi. Målgruppa er tilsette i det offentlege, men kurset er ope for alle.
  • Kurset inneheld grunnleggande lærdom som skal gjere det lettare for skribentar å unngå dei vanlegaste feila når dei skriv nynorsk i jobben.
  • Kurset består av sju delar pluss ein kviss.
  • Det tar 45­–60 minutt å gjennomføre heile kurset.
  • Det er lyd i kurset. Deltakarar som ikkje har tilgang til lyd, kan skru på tekst for tale.
  • Delane i kurset inneheld dialogar mellom gjennomgangspersonane Else og Lars, råd og reglar, tekstdøme, øvingar og oppsummeringar.
  • Ein kan ta kurset enten aleine eller som ei gruppe. Det kan vere ein god idé om heile eller delar av ein organisasjon tar kurset samtidig. Kurset kan til dømes inngå i eit større opplæringsprogram.
  • Det er stor valfridom i målformene våre, og kurset inneheld ikkje alle tillatne former.

Fagleg innhald

«Oi, på nynorsk!» er eit innføringskurs i nynorsk forvaltningsspråk. I kurset møter vi Lars og Else. Lars skriv bokmål til vanleg, men som tilsett i staten skal han også kunne skrive på nynorsk. Han skriv ikkje så verst, men treng litt hjelp for at tekstane hans skal bli gode. Else rettleier og forklarer. I øvingane trener kursdeltakarane på det same som Lars lærer.

Etter kvar del er det ei oppsummering av den viktigaste lærdommen, somme stader med lenkjer til relevante hjelpemiddel og tilleggsinformasjon.

Delane i kurset

  • Introduksjon
  • Nynorsk i dag
  • Forvaltningsord
  • Verb
  • Substantiv
  • Pronomen og eigedomsord
  • Språkføring
  • Kviss
Tekniske krav

Kurset fungerer på datamaskiner, nettbrett og smarttelefoner som har en nettleser av nyere dato slik at den støtter HTML5. Eksempel på nettlesere er Microsoft Internet Explorer versjon 9 og nyere, Opera, Google Chrome og Apple Safari.

Kurset inneholder en del videomateriale. For å få en optimal brukeropplevelse bør du være koblet til internett via kabel, trådløst nett eller 4G. Kurset kan som hovedregel ikke spiller av over tynnklientløsninger som Citrix. Da må man finne alternative løsninger som f.eks. å ta kurset hjemmefra.

Sist oppdatert
06.03.2023
Forutsetninger
Ingen spesielle.
Produsert av
Difi
Tidsbruk
45-60 minutter
Læringsformat
Nettkurs
Deltakervurderinger
Beklager, men det er ikke mange nok som har vurdert dette kurset ennå.
Kursvurderinger