Kvinnherad kommune har tatt i bruk 10 faktor som eit verktøy for medarbeidarundersøking. I dette kurset får du kjennskap til undersøkinga og dei 10 ulike faktorane som påverkar motivasjon og engasjement.
I tillegg til ein kort presentasjon av dei 10 ulike faktorane, innheld kurset video som forklarer dei 10 faktorane.
Kurset er anbefalt for leiarar og personalmedarbeidarar, men kan og vera akutelt for andre tilsette.
I Kvinnherad kommuen skal medarbeidarundersøkinga gjennomførast i første halvdel av 2021.
Tekniske krav: Det vil bli vist video i kurset. Ha difor klar headset eller høgtaler.

Visma.net Expense er ei web-basert programvare. Tilsette i Kvinnherad kommune får tilgang til denne via "Visma Mi Side".


Dette er ein kort presentasjon om kor du finn "meg sjølv" og korleis du kan legga inn endringar i forhold til adresser, utdanning og kompetanse med meir.

Dette kurset er for deg som er jobbar med arkiv/sakshandsaming i Kvinnherad kommune.
Vi rullar ut ePhorte i ny drakt som no blir kalla Elements.
Det er same løysing i eit meir moderne brukargrensesnitt og med nye funksjonar.

Målet for dette kurset er å gje deg innsikt i Arbeidsmiljølova (AML) og internkontrollforskrifta (IK), og gje grunnlag for å kunne bruke AML og andre relevante lover og forskrifter som arbeidsreiskap i HMS-arbeidet. Du vil også lære om systematiske arbeidsmetodar for å førebygga, identifisera og løysa problem innan HMS-området i eiga verksemd/eining.
Kurset vil gje deg kunnskap om vernetenesta - om verneombodet sine rettigheter, plikter og arbeidsmåte, leiar sitt ansvar, samt arbeidsmiljøutvalet si rolle og oppgåve.
Om dette kurset
Målgruppe
- Verneombod
- Arbeidsmiljøutvalet
- Leiarar
Kurset oppbygging
Kurset består både av eLæring og fysisk oppmøte. Kurset vil ha følgjande oppbygging:
- Del 1 - Førebuing før samling. Skal gjennomførast før første kursdag
- Første kursdag. Heildagskurs - fysisk oppmøte
- Andre kursdag. Heildagskurs for verneombod- fysisk oppmøte
- Evaluering av kurs
- Kursbevis
NB! For å få kurset godkjent MÅ alle videoane i eLæringskurset (Del 1 Førebuing før samling) sjåast. Det er oppmøteplikt kursdagane (dag 1 for leiarar, dag 1 og 2 for verneombod) og deltakarane må vera tilstade heile dagen. Når alle kriterier er oppfylt kan kursdeltakaren skrive ut kursbevis.
Tekniske krav
- PC/nettbrett/telefon
- Internettilgang
- Video
- Lyd
Kom i gang med kurset
- Klikk på "Gå til påmelding" øvst til høgre for å starte kurset


Motiv: Furubergfossen Foto: Bjarne Øymyr
Dette kurset er for tilsette i Kvinnherad kommune. Kurset inneheld ikkje ei fullstendig opplæring, men gjennomgår det viktigaste du treng å ha kjennskap til som tilsett i kommunen.
Om dette kurset
Kurset er delt opp i fem deler:
Del 1 - Innleiing
Del 2 - Retningslinjer og reglar
Del 3 - Informasjonstryggleik
Del 4 - Hovudtillitsvalde, hovudverneombod og varslarutval
Del 5 - Anna informasjon
