Dette nettkurset er for deg som er tilsett i Kvinnherad kommune.
No skal de som tilsett få moglegheit til å føra timar, ferie og fråvær sjølv på web. Dette kurset vil gje dykk ei innføring i korleis de gjer det.
Litt informasjon om modulane:
TIMELØN WEB: I denne modulen kan tilsette legga inn ekstratimar og overtid på web. Når tilsette har levert timelistene sine, vil timelistene gå definert saksgang vidare. Timeløn web gjeld for tilsette i: barnehagane, sektor samfunnsutvikling, sektor teknikk og miljø, barn og familie, aktivitet, læring og meistring, sosiale tenester, ergo/fysioterapi og administrasjon. (Tilsette i skule og innan helse har eigne program).
FRÅVÆR WEB: I denne modulen kan tilsette legga inn fråværet sitt: (eigenmeldingar, korte permisjonar, sjukt barn). Fråvær går i saksgang på lik line som timeløn web. Denne modulen gjeld for alle tilsette i kommunen. EIn må framleis hugsa å melda frå til næraste leiar ved fråvær. Denne modulen erstatter skjema på papir.
FERIE WEB: I denne modulen kan tilsette legga inn ferien sin. Ferie går i same saksgang på lik line som timeløn web og fråvær web. Modulen gjeld for alle tilsette i kommunen.
NB! Videoane er utan lyd.

Dette nettkurset er for deg med rolle som attesterar / tilvisar av timelister, ferie og fråvær på web.
Litt informasjon om modulane:
TIMELØN WEB: I denne modulen kan dei tilsette legga inn ekstratimar og overtid på web. Når dei tilsette har levert timelistene sine, vil timelistene gå definert saksgang vidare. Du som godkjenner timelistene gjer også dette på web. Timeløn web gjeld for tilsette i: barnehagane, sektor samfunnsutvikling, sektor teknikk og miljø, barn og familie, aktivitet, læring og meistring, sosiale tenester, ergo/fysioterapi og administrasjon. (Tilsette i skule og innan helse har eigne program).
FRÅVÆR WEB: I denne modulen kan dei tilsette legga inn fråværet sitt: (eigenmeldingar, korte permisjonar, sjukt barn). Fråvær går i saksgang på lik line som timeløn web. Denne modulen gjeld for alle tilsette i kommunen.
FERIE WEB: I denne modulen kan dei tilsette legga inn ferien sin. Ferie går i same saksgang på lik line som timeløn web og fråvær web. Modulen gjeld for alle tilsette i kommunen.
NB! Videoane er utan lyd.

Kurset er ikkje ei komplett opplæring. Den enkelte leiar må i tillegg gjennomføre andre aktuelle kurs for leiarar i Kvinnherad kommune for å tileigna seg og vedlikehalda sin kompetanse.
Dette kurset er inndelt i desse områda:
- God leiing i Kvinnherad kommune
- Lover og avtaleverk
- Trepartssamarbeid
- Arbeidsgjevars styringsrett
- Innbyggjarservice
- Personal
- Økonomi
- Sakhandsaming
- Helse, miljø og tryggleik
- IT
- Aktuelle kurs

Introduksjonskurset vil gje deg som lærling svar på ting du lurer på, og kanskje noko du ikkje visste at du lurte på.
Hugs at du alltid kan gå inn på KS læring og ta kurset om igjen om du har behov for det.
Lukka til!
