Dette kurset gjev deg grunnleggande innføring i lovverk kring retten til eit trygt og godt læringsmiljø. Målgruppa er alle vaksne som jobbar i skule og barnehage i Gloppen kommune. Handlingsplan på kva ein skal gjere når ein fangar opp at eit barn/elev ikkje har det trygt og godt vert kortfatta gått gjennom i dette kurset.

Dette kurset gjev sommarvikar i barnehage ei kort innføring i kva sommarjobben går ut på. Fokus vert rammene i høve tilsetting, oppgåver og ansvar som ligg til jobben. Tema ein er innom er språk, relasjonsarbeid og grensesetting. Kurset er for sommarvikarar i dei kommunale barnehagane i Gloppen.

For å sikre kvalitet på oppfølging og samarbeid i overgangen mellom heim- barnehage - skule, har Gloppen kommune laga rutiner som skal gjennomførast ved overgangar. Samtykke og medverknad frå foresatte og barn/elevar skal ligge i botn for oppfølging i overgangane. Målgruppa for kurset er leiarar og ansatte i barnehage, skule, PPT, helsestasjon og barnevern.