Om dette kurset

Forvaltningsloven gjeld for alle tilsette i kommunen, og lova har verknad i all kommunal verksemd. Dette kurset gir ei grunnleggjande innføring i kva forvaltningsretten har å seie for kommunal tenesteyting, sakshandsaming og praksis.

 

Alle som jobbar i kommunen bør vite litt om forvaltningsloven. Å auke kunnskapen om forvaltningsrett vil bidra til riktig sakshandsaming, auke kvaliteten i tenesteytinga, trygge dei tilsette i kva handlingsrom ein har, samt auke innbyggjarane sin rettstryggleik. Gjennom kurset vil ein få ei oppfrisking av reglane rundt habilitet, teieplikt og innsyn, krav til sakshandsaming og vedtak, klage og omgjering. Kurset vil også gi ei innføring i kva rolle forvaltningsloven har til andre særlovar som gjeld for ulike deler av den kommunale verksemda, til dømes helse- og omsorgstjenesteloven, barnevernsloven, sosialtjenesteloven, opplæringslova og pasient- og brukerrettighetsloven. 

  • Forstå grunnprinsippa i forvaltningsloven og korleis dei påverkar sakshandsaminga i kommunen

  • Få innsikt i reglar om habilitet, teieplikt og innsyn

  • Lære om krav til sakshandsaming, vedtak og klagehandsaming

  • Forstå samanhengen mellom forvaltningsloven og andre sentrale særlovar



OBS! Kurset vert ikkje haldt fysisk som først planlagt, men på Teams. Klokkeslett er endra til 10:00 - 11:30. 

Forutsetninger
Kurset er for alle tilsette, særleg dei som driv med sakshandsaming, rettleiing, administrative oppgåver, handterer personopplysingar eller yt omsorgsoppgåver
Produsert av
Øygarden kommune
Deltakere
Kurssted
Virtuelt møterom 1 Øygarden
Tid fra - til
28.05.2025 kl. 10:00-11:30
Tidsbruk
1.5 timar
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
220 av 226
Påmeldingsfrist
21.05.2025