Velkomen til kurs i oppfølging av langvarig sjukefråvær for leiar med personalansvar.
Har du medarbeidarar som har vore lenge borte frå arbeid, eller ønskjer du større tryggleik i leiarrolla når sjukefråværet varer over tid? Dette kurset gir deg auka innsikt i leiaransvar, handlingsrom og plikter når sjukefråværet strekkjer seg utover ni månader.
Kurset har som mål å styrkje leiarane si kompetanse i oppfølging av langvarig sjukefråvær. Du får innsikt i kva gevinstar strukturert og systematisk oppfølging kan gi.
Du vil få kunnskap om:
- medverknad og god, tillitsbasert dialog med den tilsette
- arbeidsgivar sitt ansvar, handlingsrom og tilretteleggingsplikt
- krav til dokumentasjon
- moglegheiter for arbeidsutprøving
- samarbeid med Nav, aktuelle tiltak og rollefordeling
- relevant lov- og avtaleverk
- ansvarsdeling mellom leiar, medarbeidar og HR ved langvarig sjukefråvær
Kurset er praksisnært og gir konkrete verktøy som støttar leiarar i trygg, tydeleg og korrekt oppfølging gjennom sjukefråværsforløpet.
Forutsetninger
Kurset er for leiarar med personalansvar
Produsert av
HR-avdelinga
Kursansvarlig
Kurssted
Os brannstasjon, undervisningsrom
Tid fra - til
2. juni 2026 kl. 9:00 - 11:30
Tidsbruk
2,5 t
Forventet innsats
Det er ein fordel om du har vore på kurs i sjukefraværsoppfølging tidlegare, og har lest overordna rutine for sjukefråværsoppfølging i Bjørnafjorden kommune.
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
3 av 30
