Grunnkurs i Kvalitetssystemet
Ønskjer du å bli trygg på korleis du publiserer og forvaltar dokument i kvalitetssystemet? Dette kurset gir deg ei praktisk innføring i både kvalitetssystemet og arbeidet med internkontroll.
Kurset passar for deg som skal publisere dokument for første gong, og for deg som ønskjer ein oppfriskar av kunnskap og arbeidsmåtar.
Du lærer mellom anna:
- Kva kvalitetssystemet er, og kvifor vi brukar det
- Kva internkontroll er, og korleis systemet støttar dette arbeidet
- Oversikt over modulane og moglegheitene i systemet
- Ulike dokumenttypar og når dei bør nyttast
- Korleis du utarbeider prosedyrar og andre tekstdokument
- Korleis du kopierer innhald frå Teams, Word og andre kjelder inn i tekstdokument i kvalitetssystemet
- Korleis du legg inn og forvaltar fildokument
Praktisk øving
Gjennom praktiske oppgåver får du arbeide direkte i kvalitetssystemet. Ta gjerne med ein rutine eller prosedyre du ønskjer å publisere, slik at du kan nytte kurset til å få gjort konkret arbeid samstundes som du lærer.
Gjennom praktiske oppgåver får du arbeide direkte i kvalitetssystemet. Ta gjerne med ein rutine eller prosedyre du ønskjer å publisere, slik at du kan nytte kurset til å få gjort konkret arbeid samstundes som du lærer.
Målet er at du etter kurset skal ha kunnskapen du treng for å opprette, redigere og publisere dokument i kvalitetssystemet, og kjenne deg trygg på korleis systemet skal nyttast i praksis.
Ta med Pc
Instruktør
Aud Winsents
Forutsetninger
Ansatte i Bjørnafjorden kommune
Produsert av
Bjørnafjorden kommune
Kursansvarlig
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
3 av 22
Påmeldingsfrist
26.10.2026
