Konflikthandtering og varsel  

“Den murrande magekjensla”  

Treng du fagleg innspel på kva du som leiar skal gjere for å handtera konflikt og varsling, da er dette kurset for deg. 

Forarbeid

Det er forventa at du set av tid på førehand til å setje deg inn i  Varslingsrutina  og Rutine for handtering av konflikt, utilbørleg åtferd og trakassering . Noter gjerne spørsmål ved gjennomgang av rutinane.

Læringsutbytte

Å kunne handtere små og store konfliktar er viktig får å sikre eit godt arbeidsmiljø og ein god og profesjonell ramme for medarbeidarar og verksemda. Ofte er ikkje konflikten i seg sjølv problemet, men det at me unngår handling vert avgjerande for utfallet.

Kurset er ei kort innføring og vil gje deg betre forståing for årsaka og utviklinga av konflikten, korleis du som leiar skal sikre rett saksgang i ein konflikt eller varslingssak.

Innhald

  • Gjenkjenne og identifisera ein konflikt
  • Konflikten sin funksjon
  • Ulike rollar
  • Saksgang
  • Verktøy

Kurset passar for

Leiare på alle nivå

Det er maks 30 plassar på kvar samling. Dette er for å gje betre rom for dialog og spørsmål.

Kurshaldarar
                                                                                                                               

Solveig Reinsli                          Aud Grete Ekestad                   Trine Langøen            

HR rådgjevar                            HR konsulent                            HMS rådgjevar            


Du kan sjå rutinane og innhald i kurset i samanheng med verdiane i Voss herad og 10-faktor

Faktor 1: Oppgåvemotivasjon              Faktor 2: Meistringstru               Faktor 3: Sjølvstende                          Faktor 4: Bruk av kompetanse    

Faktor 5: Meistringsorientert leiing    Faktor 6: Rolleklårheit                 Faktor 7: Relevant kompetanseutvikling                          

Faktor 8: Fleksibilitetsvilje    Faktor 9: Meistringsklima           Faktor 10: Prososial motivasjon 

Kurssted
Heradsstyresal, Voss tinghus
Tid fra - til
07.juni kl.09:00-11:00
Tidsbruk
2 timar
Forventet innsats
Aktiv deltaking
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
23 av 30