Velkommen til e-læringskurs om folketrygdlova kapittel 5, formål og finansiering 

Som lege i allmennpraksis vil du oppleve at pasientar oppsøker deg med ulike problemstillingar. I tillegg til ordinære konsultasjonar kjem fleire for å få tatt ulike prøver, for å få ulike typar helseattestar eller å få sett vaksiner. 

I dette kurset har vi laga oppgåver frå situasjonar du kan oppleve i arbeidskvardagen din. Her vil vi kome inn på både eksempel som folketrygda finansierer, situasjonar der anten pasienten må betale noko eller alt sjølv, eller der det kan vere andre som skal finansiere arbeidet du gjer.

I kurset omtalar vi forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege som stønadsforskrifta. Det tek 15-20 minutt å gjennomføre kurset.

Korleis navigere i kurset

Trykk på den grøne knappen «Gå til påmelding» (øvst til høgre). Her finn du oversikta over alle modulane i kurset.

Sidemenyen, som er tilgjengeleg på høgre side av skjermen, gjer det enkelt å navigere fram og tilbake i dei enkelte kapitla.  Du kan gå ut og inn av kurset om du vil, og du kan ta det både på PC/Mac, alle nettbrett og smarttelefonar. 

All tekst er tilgjengeleg som lydfil, og du vel sjølv om du vil høyre lyd eller lese.

Last updated
13.08.2025
Course Type