Målgruppe: verneombod og medlem av arbeidsmiljøutval, som ikkje har grunnopplæring i arbeidsmiljøarbeid (40 timars HMS kurs) siste åtte år.

Kurset gjev grundig innføring i kva helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid (HMS) inneber for verksemda og den enkelte arbeidstakar. Kurset legg vekt på korleis leiar og verneombod kan samarbeide for å utvikle eit godt arbeidsmiljø. Målet er at kurset skal føre til utvikling av arbeidsmiljøet på deltakarane si arbeidsplass/i kommunen. Eit godt arbeidsmiljø er ein viktig faktor i arbeidet med sjukefråvær.

Kursdag 2 vert det innføring i gjeldande HMS rutinar og dokument i Øygarden kommune v/HMS rådgjevar frå eining HR, forvaltning og kvalitet. 

Læringsmål: Etter kurset skal du ha kunnskap om: 

  • Formålsparagrafen i Arbeidsmiljølova og aktørane i arbeidsmiljøarbeidet
  • Dei ulik HMS tema i arbeidsmiljølova og tilhøyrande forskrifter
  • Ansvar, oppgåver og roller i arbeidsmiljøarbeidet
  • Medverknad
  • Systematisk HMS-arbeid
  • Handtering av vald og trugsmål
  • Kartleggingsmetodar
  • Risikovurdering
  • Saksgang
  • Verkemiddel i HMS arbeidet og korleis utvikle arbeidsmiljøet
  • HMS rutinar og dokument i Øygarden kommune

Kursdato:

  • Dato:  15. 16.oktober, 4., 5. og 9.november 2026
  • Tid: kl 9.00 - 15.30
  • Stad: Sotra Arena, VIP rommet 3.etg
    Adresse: Idrettsvegen 50, Straume
  • Kurshaldar: Salutis

Kurset oppfyller arbeidsmiljølovas krav til opplæring av verneombod/medlem av arbeidsmiljøutval. Det vert lagt opp til aktiv deltaking, til diskusjon og bruk av deltakarane sine eigne erfaringar.

Det vert servert kaffe/te

Deltakarane får utlevert kursbevis og fullført kurs blir registrert i KS lærling.

Velkommen på kurs!

Forutsetninger
Verneombod og medlem av arbeidsmiljøutvalet i Øygarden kommune
Produsert av
Øygarden kommune
Deltakere
Kurssted
Sotra Arena VIP rom 3 etg
Tid fra - til
15.10.2026 kl 9.00 -15.30
16.10.2026 kl 9.00 -15.30
04.10.2026 kl 9.00 -15.30
05.10.2026 kl 9.00 -15.30
09.10.2026 kl 9.00 -15.30
Tidsbruk
40
Forventet innsats
Heimeoppgåve
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
20 av 20
Påmeldingsfrist
29.10.2026