Kvart år skal alle leiarar delta på opplæring frå stabane, slik at me held oss oppdaterte på heradet sine retningslinjer og forventningar. Målet med desse opplæringsdagane er å gjera leiarane i stand til å driva effektiv administrasjon og god styring. For deg som personalleiar er det obligatorisk å delta éin gang i løpet av året og opplæringa er den same vår og haust. 

Det er ei målsetjing å samla leiarar med lang fartstid med nye leiarar i heradet, då dette bidrar til nyttig erfaringsutveksling og god kompetanseoverføring i organisasjonen.

Om dette kurset

Den 3. november er programmet slik: 

08:30 - 11:30 Strategi og styring v/Liv Myklebust m/fleire frå Styring og analyse.

11:30 - 12:00 Lunsj 

12:00 - 14:30 Økonomi v/ Nils Petter Bere m/fleire frå Økonomi.

Opplæringsdagen blir halden via Teams, så det er ubegrensa kursplassar. 

Oppdatert innkalling med teams-lenkje kjem dagen før samlinga den 3/11-2021.

Les meir om leiarutvikling og opplæring i Voss herad på våre heimesider.

Ta kontakt med Eirik.Boge@voss.herad.no om du har spørsmål. 

Forutsetninger
Personalleiar i Voss herad.
Produsert av
Voss herad
Tid fra - til
03.11.2021 08:30-14:30
Tidsbruk
6 timar
Læringsformat
Arrangement