Kvart år skal alle leiarar delta på opplæring frå stabane, slik at me held oss oppdaterte på heradet sine retningslinjer og forventningar. Målet med desse opplæringsdagane er å gjera leiarane i stand til å driva effektiv administrasjon og god styring. For deg som personalleiar er det obligatorisk å delta i løpet av året og opplæringa er den same vår og haust. 
Det er ei målsetjing å samla leiarar med lang fartstid med nye leiarar i heradet, då dette bidrar til nyttig erfaringsutveksling og god kompetanseoverføring i organisasjonen.

Om dette kurset

Tysdag 19. oktober blir det halv dag frå 08:30 - 11:30 om Digitalisering&IT v/Trond Myklebust frå Digitalisering og IT.

Opplæringsdaga skjer via Teams, så det er ubegrensa tal på plassar. 

Oppdatert innkalling med teams-lenkje kjem dagen før samlinga den 19/10.

Les meir om leiarutvikling og -opplæring i Voss herad på våre heimesider.

Ta kontakt med Eirik.Boge@voss.herad.no om du har spørsmål. 

Forutsetninger
Personalleiarar
Produsert av
Voss herad
Tid fra - til
08:30-11:30
Tidsbruk
3 timar
Læringsformat
Arrangement