Ålesund kommune har saman med NAV Arbeidslivssenter utvikla eit kompetanseprogram for IA og sjukefråværsoppfølging, etter ein idé frå Helse Møre og Romsdal.  

Kompetanseprogrammet består av fire modular i emnet “Førebygging av sjukefråvær og oppfølging av sjukmeldte”.

Målgruppa for kompetanseprogrammet er leiarar, medlemmar i HSU, tillitsvalde og verneombod. 

Avdeling for HR har ansvar for Kompetanseprogrammet i Ålesund kommune, i samarbeid med Innovasjonsstøtte. NAV Arbeidslivssenter har det faglege ansvaret i gjennomføringa. 

Kompetanseprogrammet er i fyrste omgang eit pilotprosjekt i kommunalområde Helse, innanfor tenesteområda heimeteneste og omsorgsdistrikt. Pilotprosjektet vil gjennomførast hausten 2022. Ut i frå erfaringar frå pilotprosjektet, vil ein vidareutvikle og implementere kompetanseprogrammet for fleire. 


Forutsetninger
Kurset er for ledere, verneombud og tillitsvalgte i kommunalområde Helse
Produsert av
Ålesund kommune
Tid fra - til
01.12.2022 kl.13:00-15:00
Tidsbruk
2 timer
Forventet innsats
Open - Engasjert - Modig
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
14 av 25
Deltakervurderinger
Beklager, men det er ikke mange nok som har vurdert dette kurset ennå.
Kursvurderinger