Om dette kurset
Forvaltningsloven gjeld for alle tilsette i kommunen, og lova har verknad i all kommunal verksemd. Dette kurset gir ei grunnleggjande innføring i kva forvaltningsretten har å seie for kommunal tenesteyting, sakshandsaming og praksis.
Alle som jobbar i kommunen bør vite litt om forvaltningsloven. Å auke kunnskapen om forvaltningsrett vil bidra til riktig sakshandsaming, auke kvaliteten i tenesteytinga, trygge dei tilsette i kva handlingsrom ein har, samt auke innbyggjarane sin rettstryggleik. Gjennom kurset vil ein få ei oppfrisking av reglane rundt habilitet, teieplikt og innsyn, krav til sakshandsaming og vedtak, klage og omgjering. Kurset vil også gi ei innføring i kva rolle forvaltningsloven har til andre særlovar som gjeld for ulike deler av den kommunale verksemda, til dømes helse- og omsorgstjenesteloven, barnevernsloven, sosialtjenesteloven, opplæringslova og pasient- og brukerrettighetsloven.
Forstå grunnprinsippa i forvaltningsloven og korleis dei påverkar sakshandsaminga i kommunen
Få innsikt i reglar om habilitet, teieplikt og innsyn
Lære om krav til sakshandsaming, vedtak og klagehandsaming
Forstå samanhengen mellom forvaltningsloven og andre sentrale særlovar
OBS! Kurset vert ikkje haldt fysisk som først planlagt, men på Teams. Klokkeslett er endra til 10:00 - 11:30.