Vi har gleda av å invitera deg til eit kurs i konflikthandtering, spesielt tilpassa personar med personalansvar. Kurset er designa for å styrkja ferdigheitene dine i å handtera og førebyggja konfliktar på arbeidsplassen, med utgangspunkt i dei kommunale rutinane for konflikthandtering.

 

Kursinnhald:

-          Dei kommunale rutinane for konflikthandtering: Ein gjennomgang av gjeldande prosedyrar og retningslinjer.

-          Førebygging av konfliktar: Strategiar og tiltak for å skapa eit godt arbeidsmiljø og redusera risikoen for konfliktar.

-          Ulike typar konfliktar: Forståing av dei ulike konflikttypane som kan oppstå på arbeidsplassen.

-          Konflikttrappa: Ei innføring i Konflikttrappa og korleis ho kan brukast som eit verktøy i konflikthandtering.

-          Ansvaret til leiaren i konflikthandtering: Korleis du som leiar skal ta ansvar for saksbehandling og handtering av konfliktar i arbeidsmiljøet ditt.


Prerequisites
Leiar med personalansvar.
Location
Time from - to
Torsdag 5. juni 2025 frå kl. 1100 - 1515.
Estimated time spent
4 timar
Estimated Effort
Deltaking og deling av eigne erfaringar.
Course Type
Event
Available seats
0 of 8
Deadline
01.06.2025