VIVAT kurs: Førstehjelp ved sjølvmordsfare
Om dette kurset
Lær korleis du kan oppdage sjølvmordsfare, stille dei vanskelege spørsmåla og yte livreddande førstehjelp med kurs i sjølvmordsførebygging frå Vivat.
Vivat tilbyr opplæring i korleis du kan bli meir merksam, fange opp signal og gi førstehjelp til personar i sjølvmordsfare. Kursa Vivat leverer er utforma slik at kursdeltakarar får ein felles kompetanse, uavhengig av profesjon og fagleg bakgrunn.
Du får moglegheit til å bli meir medviten eigne haldningar til sjølvmord, og kursleiarane deler kunnskap om sjølvmordsåtferd og presenterer ein modell for intervensjon ved sjølvmordsfare. Vi øver på å bruke modellen.
Kurset er prosessorientert og har ei fagleg og pedagogisk oppbygning som krev full deltaking begge kursdagar. I kurset blir det brukt ulike læringsmedtodar som førelesing, film, diskusjon, erfaringsutveksling, praktiske øvingar og arbeid i grupper.
Etter kurset vil du kunne:
- Oppdage menneske som har det vanskeleg og kan vere i sjølvmordsfare
- Stille direkte spørsmål om sjølvmordstankar
- Hjelpe personen i sjølvmordsfare til å snakke om det som er vanskeleg
- Arbeide med usikkerheit om å leve eller dø
- Lage og iverksette ein plan saman med personen, med mål om å berge liv
- Bruke hjelperessursar i lokalsamfunnet
Kurset passar for alle som møter menneske i sårbare livssituasjonar – både profesjonelle og frivillige. Det krev ingen forkunnskap, men stiller krav om aktiv deltaking begge kursdagar.