Velkomen til kurs i oppfølging av sjukefråvær for leiarar med personalansvar.

Kurset er ei vidareføring av kursrekka i tilrettelegging som blei gjennomført i 2023, og er eit tiltak i samband med satsingsområda auka nærværrobuste arbeidsmiljø og ei føreseieleg økonomisk situasjon for kommunen.

Fokuset i kurset er kompetanseheving knytt til kontinuerleg sjukefråværsoppfølging som del av leiarkvardagen, og kva gevinstar ein får ved å vera tett på alle typar sjukefråvær, følgje opp tidleg og vera tydeleg som leiar.

Tema i kurset

  • Råd og tips til korleis arbeide systematisk med oppfølging av sjukefråvær
  • Gevinstar ved aktiv informasjonsdeling i «fredstid»
  • Ulike typar fråvær og spørsmål leiar kan stilla den sjukmelde
  • Gode rutinar for tilrettelegging, dokumentasjonskrav og fristar
  • Definisjonar, rettar og fristar knytt til sjukepengar
  • Rutinar for å sikre korrekt refusjon og unngå tap av sjukepengar
  • Fristar og ansvarsfordeling mellom leiar med personalansvar og lønnsavdelinga

Kurset vil vere ein kombinasjon av teori, involvering og erfaringsutveksling mellom deltakarane.

 

Tidlegare gjennomføringar

Kurset har tidlegare blitt gjennomført:

  • Os brannstasjon: 23.01, 31.01 og 15.02.2024
  • Teams: 18.04.2024
  • Kommunestyresalen: 28.11.2024 og 21.10.2025

Kursansvarlege

  • Christine Heggø Nordland, lønnskonsulent
  • Elisabeth Økland, HMS‑rådgjevar

Forutsetninger
Leiar i Bjørnafjorden kommune
Kurssted
Kommunestyresalen
Tid fra - til
23.04.2026 kl.08.45-11.45
Tidsbruk
3 timer
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
50 av 50
Påmeldingsfrist
20.04.2026