Velkomen til kurs i oppfølging av sjukefråvær for leiarar med personalansvar.
Kurset er ei vidareføring av kursrekka i tilrettelegging som blei gjennomført i 2023, og er eit tiltak i samband med satsingsområda auka nærvær, robuste arbeidsmiljø og ei føreseieleg økonomisk situasjon for kommunen.
Fokuset i kurset er kompetanseheving knytt til kontinuerleg sjukefråværsoppfølging som del av leiarkvardagen, og kva gevinstar ein får ved å vera tett på alle typar sjukefråvær, følgje opp tidleg og vera tydeleg som leiar.
Tema i kurset
- Råd og tips til korleis arbeide systematisk med oppfølging av sjukefråvær
- Gevinstar ved aktiv informasjonsdeling i «fredstid»
- Ulike typar fråvær og spørsmål leiar kan stilla den sjukmelde
- Gode rutinar for tilrettelegging, dokumentasjonskrav og fristar
- Definisjonar, rettar og fristar knytt til sjukepengar
- Rutinar for å sikre korrekt refusjon og unngå tap av sjukepengar
- Fristar og ansvarsfordeling mellom leiar med personalansvar og lønnsavdelinga
Kurset vil vere ein kombinasjon av teori, involvering og erfaringsutveksling mellom deltakarane.
Tidlegare gjennomføringar
Kurset har tidlegare blitt gjennomført:
- Os brannstasjon: 23.01, 31.01 og 15.02.2024
- Teams: 18.04.2024
- Kommunestyresalen: 28.11.2024, 21.10.2025 og 23.04.2026
Kursansvarlege
- Christine Heggø Nordland, lønnskonsulent
- Elisabeth Økland, HMS‑rådgjevar
Prerequisites
Leiar i Bjørnafjorden kommune
Location
Kommunestyresalen
Time from - to
15.10.2026 kl.08.45-11.45
Estimated time spent
3 timer
Course Type
Event
Available seats
50 of 50
Deadline
12.10.2026
