Enrolment options

Leiaropplæring i vanskelege samtalar med tilsette i omstilling 

Formålet med kurset:

Målet med kurset er å gi leiarar innsikt og praktisk øving i korleis ein planlegg og handterer nødvendige og vanskelege samtalar med tilsette i omstilling. Målet er å støtte leiarane i å gjennomføre gode samtaler med tilsette i omstilling. Kurset vil ha eit praktisk fokus med øving på samtalecase og nokre teknikkar.

Målgruppe:

Leiarar som har tilsette i omstilling.

Læringsmål:

1. Få ein generell forståing i korleis endring påverkar psykososialt arbeidsmiljø og arbeidstakarar.

2. Kunne starte, gjennomføre og avslutte ein vanskeleg samtale på ein god og profesjonell måte.

3. Øve på aktiv lytting og bli bevisst på nokre samtaleteknikkar for å få samtalepartnaren til å føle seg høyrd i samtalen.

4. Bli kjent med konfliktdempande kommunikasjon.

5. Bli bevisst korleis ein tar vare på seg sjølve i leiarrolla i samtalane, og betydninga av profesjonell distanse.



Guests cannot access this course. Please log in.