"Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker" (forvaltningslova) er ein sentral del av det rettslege grunnlaget for utøving av offentleg mynde. Offentleg utøving av mynde set særlege krav til kven, kva og korleis:
· kven som kan handla eller ta avgjersler på vegner av det offentlege, med reglar om kompetanse og habilitet
· kva dei kan gjera, til dømes innhaldet i avgjerslene og kva for avgjerler som kan treffast
· korleis dei skal gjera det, til dømes kva for sakshandsamingskritt som må takast
Forvaltningsloven gjev generelle reglar for kven, kva og korleis som det er viktig å ha eit godt grep om når ein arbeider i kommunen.Søkeord: Forvaltningsloven forvaltning forvaltningslova forvaltningslov
