Kurset er fellesopplæring for rektorane og tillitsvalde på skulane i ny arbeidsavtale for lærarane (SFS 2213).

Kommunenes sentralforbund (KS) og 18 fagforeiningar vart før siste årsskifte einige om ny SFS 2213. For alle praktiske føremål er den nye arbeidsavtalen gjeldande frå 1. august 2022.

På kurset vil det vil bli gjennomgang av hovudavtalen og SFS 2213 med vekt på endringar gjeldande frå og med komande skuleår.


Program:

08:30 Frammøte.  Kaffi/ te

09.00 Hovudavtalen v/ forhandlingssjef Bjarne Mohn Olsvold og hovudtillitsvald frå Utdanningsforbundet.

10.30 Gjennomgang av SFS 2213 v/ etatsdirektør Frode Nilsen og hovudtillitsvald Eirik Lilleheil frå Utdanningsforbundet.


Målgruppe: Rektorar og lærarane sine tillitsvalde ved skulane. Merk at opplæringa gjeld tillitsvalde i alle lærarorganisasjonane der det fins meir enn ein lærar- tillitsvald.


Avmeldingsfrist: 06.01.2022

Frå og med denne dato er det ikkje mogleg å melde seg av sjølv - ta eventuelt kontakt med kursansvarleg for å melde frå.


Kontaktinformasjon til kursarrangør: 
Olav Haga- rådgjevar v/ Seksjon for tilsyn, forvaltning og administrasjon

Olav.Haga@bergen.kommune.no