Visjon og overordna mål for brannvern 

 Kvam herad sin visjon er i følgje Samfunnsdelen til kommuneplanen for 2015-2030 å; 

«Skapa ei oppsiktsvekkjande framtid – create a remarkable future» 

 

Visjonen vil ein oppnå gjennom mellom anna hovudstrategien om livskvalitet, der det overordna målet er at «i Kvam skal me arbeida for at dei som bur i kommunen skal oppleva høg livskvalitet og at samfunnet vårt vert opplevd på same vis». 
Omsynet til samfunnstryggleik er vesentleg under dette overordna målet. Kvam skal derfor «ha eit trygt samfunn som er førebudd på uventa hendingar slik at menneske, miljø og materielle verdiar er tilstrekkeleg sikra mot fare».  
Dette oppnår ein vidare gjennom å «gjennomføra gode risiko- og sårbarheitsanalysar med gode kunnskapsgrunnlag. Kontinuerleg fokus på førebyggande tiltak. Gjennomføra faste øvingar der offentlege og private aktørar samarbeider». 

 

Grunna den store brukargruppa og dei viktige samfunnsfunksjonane som er knytt til den kommunale bygningsmassen, vil branntryggleiken knytt til desse bygga vera avgjerande for samfunnstryggleikens påverknad av det overordna målet. 

 Det overordna målet for brannvernarbeidet knytt til den kommunale bygningsmassen er derfor:

  1. Det skal ikkje oppstå brann eller branntilløp i kommunale bygg 
  2. Dersom det likevel oppstår brann i kommunale bygg, så skal ikkje dette føre til fare for tap av liv eller helse 


Denne branninstruksen skal vera gjennomgått av alle brukarar og leigetakarar som nyttar bygga til Kvam herad. 

Last updated
06.10.2020
Prerequisites
Kurset er retta mot tilsette, og leigetakarar av kommunale bygg i Kvam herad.
Produced by
Kvam herad
Estimated time spent
1
Estimated Effort
Liten
Course Type
Netcourse
User Ratings
Sorry, but there are not enough ratings to publish the results for this course.
Course Ratings