Påmeldingsmuligheter for dette kurset

Tema: HMS system i Øygarden kommune


Kurset er obligatorisk for nye leiarar. 


Dato: 23.april 2026
Tid: 13.00-15.00
Stad: Øygarden rådhus, møterom 107

 

Som arbeidsgjevar har leiar eit hovudansvar å sørge for eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø. Dette inneber å følge lovverket, ha kunnskap om HMS-krav og systematisk HMS-arbeid. 

I dette kurset får du innføring i Øygarden kommune sitt systematiske HMS system. Vi går igjennom dei ulike rutinane og kva som er føringar for HMS arbeidet i Øygarden kommune. Det vert og gått igjennom kommunen sine rutinar kring alvorlege hendingar. 


  • Læringsmål: Etter å ha deltatt på dette kurset, så har du oversikt over HMS-systemet i Øygarden kommune. Du vil og ha innsikt i gjeldande rutinar dersom alvorlege hendingar skjer i din eining. 

  • Målgruppe: Nye leiarar eller leiar som ynskjer innføring i Øygarden kommune sitt HMS system


Det vert servert kaffe/te. 

Vel møtt på kurs!

Gjester har ikke tilgang til dette kurset, vennligst logg inn.