Bakgrunn:
Hovudarbeidsmiljøutvalet har fatta vedtak om at
- kommunalsjefområda skal gjere seg kjende med rutina for biologisk eksponering
- det skal gjerast ei vurdering av kva risiko vi har knytt til biologisk eksponering
- vurdering av eventuell yrkesvaksinering.
De som leiarar skal i løpet av våren svara ut dette. Det er derfor viktig at de deltek på kurs kring biologisk eksponering, for litt påfyll kring tema. Bjørg Møllerløkken (Smittevernoverlege) og Karianne Lisund (HMS-rådgjevar) har dette kurset. Innhald:
· Litt om Overordna rutine for biologisk eksponering
· Korleis risikovurdera biologisk eksponering
· Begynna på eigen risikovurdering (desse er rimeleg «små»)
· Kva og korleis med yrkesvaksinering
