Påmeldingsmuligheter for dette kurset

Dette kurset er flytta

Vi brukar no nye KS Kunnskap. Du skal ikkje melda deg på dette kurset her.

Meld deg på kurset her i nye KS Kunnskap

Dersom du tidlegare har meldt deg på dette kurset i KS Læring, treng du ikkje gjera noko. Vi har overført påmeldinga di til KS Kunnskap. Frå no av overfører vi ikkje nye påmeldingar frå KS Læring til KS Kunnskap.





Om dette kurset

Vivat tilbyr opplæring i korleis du kan bli meir merksam, fange opp signal og gi førstehjelp til personar i sjølvmordsfare. Kursa Vivat leverer er utforma slik at kursdeltakarar får ein felles kompetanse, uavhengig av profesjon og fagleg bakgrunn. 

Du får moglegheit til å bli meir medviten eigne haldningar til sjølvmord, og kursleiarane deler kunnskap om sjølvmordsåtferd og presenterer ein modell for intervensjon ved sjølvmordsfare. Vi øver på å bruke modellen. 

  • Kurset er prosessorientert og har ei fagleg og pedagogisk oppbygning som krev full deltaking begge kursdagar. I kurset blir det brukt ulike læringsmedtodar som førelesing, film, diskusjon, erfaringsutveksling, praktiske øvingar og arbeid i grupper.
  • Etter kurset vil du kunne:

    • Oppdage menneske som har det vanskeleg og kan vere i sjølvmordsfare

    • Stille direkte spørsmål om sjølvmordstankar

    • Hjelpe personen i sjølvmordsfare til å snakke om det som er vanskeleg

    • Arbeide med usikkerheit om å leve eller dø

    • Lage og iverksette ein plan saman med personen, med mål om å berge liv

    • Bruke hjelperessursar i lokalsamfunnet

  • Kurset passar for alle som møter menneske i sårbare livssituasjonar – både profesjonelle og frivillige. Det krev ingen forkunnskap, men stiller krav om aktiv deltaking begge kursdagar.
  • Det er plass til 15 deltakarar på kurset. Dersom du ikkje får plass, står du på venteliste. Husk å melde deg av i god tid dersom du er påmeldt og ikkje kan møte.

Gjester har ikke tilgang til dette kurset, vennligst logg inn.