Dette kurset er flytta
Vi brukar no nye KS Kunnskap. Du skal ikkje melda deg på dette kurset her.
Meld deg på kurset her i nye KS Kunnskap
Dersom du tidlegare har meldt deg på dette kurset i KS Læring, treng du ikkje gjera noko. Vi har overført påmeldinga di til KS Kunnskap. Frå no av overfører vi ikkje nye påmeldingar frå KS Læring til KS Kunnskap.
Lær korleis du kan oppdage sjølvmordsfare, stille dei vanskelege spørsmåla og yte livreddande førstehjelp med kurs i sjølvmordsførebygging frå Vivat.
Om dette kurset
Vivat tilbyr opplæring i korleis du kan bli meir merksam, fange opp signal og gi førstehjelp til personar i sjølvmordsfare. Kursa Vivat leverer er utforma slik at kursdeltakarar får ein felles kompetanse, uavhengig av profesjon og fagleg bakgrunn.
Du får moglegheit til å bli meir medviten eigne haldningar til sjølvmord, og kursleiarane deler kunnskap om sjølvmordsåtferd og presenterer ein modell for intervensjon ved sjølvmordsfare. Vi øver på å bruke modellen.
- Kurset er prosessorientert og har ei fagleg og pedagogisk oppbygning som krev full deltaking begge kursdagar. I kurset blir det brukt ulike læringsmedtodar som førelesing, film, diskusjon, erfaringsutveksling, praktiske øvingar og arbeid i grupper.
Etter kurset vil du kunne:
Oppdage menneske som har det vanskeleg og kan vere i sjølvmordsfare
Stille direkte spørsmål om sjølvmordstankar
Hjelpe personen i sjølvmordsfare til å snakke om det som er vanskeleg
Arbeide med usikkerheit om å leve eller dø
Lage og iverksette ein plan saman med personen, med mål om å berge liv
Bruke hjelperessursar i lokalsamfunnet
- Kurset passar for alle som møter menneske i sårbare livssituasjonar – både profesjonelle og frivillige. Det krev ingen forkunnskap, men stiller krav om aktiv deltaking begge kursdagar.
