Om dette kurset

OBS! Dette kurset består av to dager. Dette er dag 1 av 2. Begge dager må gjennomføres for å få kurset fullført. Det er egen påmelding i KS læring til dag 2.

Målgruppe: Ledergruppe i Etat for Utbygging

Læringsmål: Etter gjennomført Lean nivå 2 skal deltakarane kunne identifisere forbetringsområde og beskrive problemformuleringar på egen arbeidsplass. Deltakarane skal kunne bruke A3, 5 x Korfor / Korfor-tre og verdistraumsanalyse til å jobbe strukturert med problemløysing og forbetringsarbeid. Deltakarane skal og kunne sette opp ei tavle for å følgje opp forbetringsarbeidet

Påmelding: Påmelding via KS Læring

Kursbeskrivelse: 

Lean - Kurs nivå 2

Vi ønskjer alle einingar under Byrådsavdeling for arbeid, sosial og bustad velkomen til Lean-kurs nivå 2. Kurset rettar seg mot leiarar, tilsette med Lean-ansvar på eininga, prosjektleiarar, tillitsvalte og interesserte tilsette som ønskjer å lære meir om Lean, kontinuerlig forbetring og prosessleiing i praksis. Vi anbefalar at einingar som ønskjer å vere med, deltar med minst to personar. Deltaking må vere avklart med leiar.

Kurset er delt i to delar fordelt på to dagar. For å få godkjent kurset må du ha tatt både del 1 og del 2.

Del 1: A3 som metode for problemløysing, 5 x korfor

Del 2: Verdistraumsanalyse, tavle

 Kva får eininga igjen for å sende deltakarar på dette kurset?

Tenestene våre vert stadig stilt overfor endringar - både endra brukargruppar, nye budsjettmål og personalskifte. Lean er på den eine sida ein filosofi kor målet er å kontinuerlig forbetre og tilpasse verksemda framfor å gjennomføre større omstillingar. På den andre sida er Lean eit sett med konkrete verktøy for å løyse problem og prioritere dei rette forbetringane. Ved å delta på Lean-kurs, vil eininga stå betre rusta til å kunne jobbe systematisk med forbetringar i kvardagen. Dersom eininga allereie har eit problem / forbetringsområde de ønskjer å prioritere (til dømes lang saksbehandlingstid, låg brukartilfredsheit, mange avvik eller liknande), er det ein fordel.

Lean baserer seg også på at medarbeidarane aktivt deltar i prosessarbeidet, peiker på problem og svakheiter i drifta, og finn måtar å løyse oppgåvene betre på. Deltakarane på kurset vil lære korleis dei kan leie verkstadsarbeid med alle tilsette for å løyse konkrete problem. Å prioritere Lean-opplæring på eininga, bidreg til å oppnå målet om kompetente og engasjerte medarbeidarar som leitar etter forbetringsområde og gjennomfører forbetringstiltak i kvardagen. 

Kva vert krevd av eininga?

For å bli sertifisert på Lean nivå 2, må alle deltakarane gjennomføre nokre konkrete prosessar på si eiga eining innan tre månader etter at kurset er ferdig. Eininga må derfor prioritere noko tid og ressursar til å gjennomføre felles verkstadar med dei tilsette. Eininga må også ha ei tavle - anten fysisk eller digital - som det går an å teikne på. Vi vil også sterkt anbefale eininga til å innføre fast tavlemøte.

Stad: Kaigaten rom "Fana"

Avmeldingsfrist: Ei veke før kursstart. 

Produsert av
IDE-programmet, Bergen kommune
Kurssted
Innbyggerservice - Kaigaten 4 - rom "Fana"
Tid fra - til
03.02.2023 kl. 09:00-15:00
Intern pris
1000
Ekstern pris
1000
Tidsbruk
12 timer
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
2 av 12
Påmeldingsfrist
01.02.2023