Kurs og arrangement som lages av/for HR og HMS legges i denne kategorien

Visjon og overordna mål for brannvern 

 Kvam herad sin visjon er i følgje Samfunnsdelen til kommuneplanen for 2015-2030 å; 

«Skapa ei oppsiktsvekkjande framtid – create a remarkable future» 

 

Visjonen vil ein oppnå gjennom mellom anna hovudstrategien om livskvalitet, der det overordna målet er at «i Kvam skal me arbeida for at dei som bur i kommunen skal oppleva høg livskvalitet og at samfunnet vårt vert opplevd på same vis». 
Omsynet til samfunnstryggleik er vesentleg under dette overordna målet. Kvam skal derfor «ha eit trygt samfunn som er førebudd på uventa hendingar slik at menneske, miljø og materielle verdiar er tilstrekkeleg sikra mot fare».  
Dette oppnår ein vidare gjennom å «gjennomføra gode risiko- og sårbarheitsanalysar med gode kunnskapsgrunnlag. Kontinuerleg fokus på førebyggande tiltak. Gjennomføra faste øvingar der offentlege og private aktørar samarbeider». 

 

Grunna den store brukargruppa og dei viktige samfunnsfunksjonane som er knytt til den kommunale bygningsmassen, vil branntryggleiken knytt til desse bygga vera avgjerande for samfunnstryggleikens påverknad av det overordna målet. 

 Det overordna målet for brannvernarbeidet knytt til den kommunale bygningsmassen er derfor:

  1. Det skal ikkje oppstå brann eller branntilløp i kommunale bygg 
  2. Dersom det likevel oppstår brann i kommunale bygg, så skal ikkje dette føre til fare for tap av liv eller helse 


Denne branninstruksen skal vera gjennomgått av alle brukarar og leigetakarar som nyttar bygga til Kvam herad. 

Dette kurset er retta mot leiarar i Kvam herad.

NB: Det er ei føresetnad at du må først ha teke kurset "Avvikshandtering i Kvam herad - for alle tilsette"

På dette kurset vil du læra

  • korleis du skal handsame eit avvik
  • gjera endringar i eit avvik
  • oppretta og tildela eit tiltak
  • lukka avviket

For å få ei heilskapleg forståing for korleis avvik skal handterast i Kvam herad kan det vera lurt å lesa "Prosedyre for avvikshandsaming i Kvam herad". 


Dette kurset er laga for korleis Compilo fungerar på ei PC, men det vil vera ganske likt for korleis det fungerar på eit nettbrett eller mobil og. 

Om dette kurset

Kurset er retta mot leiarar som skal handsame avvik. 

Alle tilsette skal kjenne til dei etiske retningslinjene. Hensikten med dei etiske retningslinjene er å hjelpa deg til å ta riktige avgjerder i vanskelege situasjonar som du og andre tilsette kan møta som tilsett i Kvam herad. 

Om dette kurset

Leksjonane

Kurset er bygd opp av følgjande leksjoner:

  • Gåver
  • Forretningsetiske regler
  • Habilitet/gildskap
  • Forvaltnig av samfunnet sine fellesmiddel
  • Varsling
  • Ytringsfridom
  • Sosiale medium

Leksjonane inneheld filmar som viser døme på vanskelege situasjonar der dei etiske retningslinjene kan hjelpa deg med å ta dei rette vala. 


Gjennomføring og kursbevis
  • Etter at du gått igjennom alle leksjonane og svart på alle spørsmåla, vil du få eit kursbevis i KS læring. 
  • Kurset skal takast individuelt. Det kan og verte brukt som utgangspunkt for refleksjonar på personalmøte eller andre møtearenaer for tilsette.

På dette kurset vil du læra korleis du

  • loggar inn i Compilo
  • sendar avvik
  • kan sjå kva som har vorte gjort med avviket
  • legger inn eigne kommentarar på avviket
  • legger inn eigne bilete
  • kan sjå kven som har lest avviket
  • kvitterar ut eit oppdrag (tiltak)


Om dette kurset

Kurset er retta mot alle tilsette i Kvam herad.