VIKTIG: Les ALL informasjonen her FØR du meldar deg på passeringstesten.

*******************************************

NB: Denne passeringstesten er berre for dei som jobbar i Kvam herad!


*******************************************

VIKTIG
Kurset i legemiddelhandtering vert oppdatert kvart år. Om du har gjennomført kurset tidlegare, og har gjennomført kurset på nytt, så vil du ikkje automatisk få nytt kursbevis med ny dato på. 
For å få lov til å gjennomføra passeringstesten MÅ du ha nytt kursbevis med dato ETTER 1.januar 2025

For å få dette gjer du som følgjer:

Logg inn i KS læring - trykk på denne lenka: https://www.kslaring.no/mod/completionreset/view.php?id=188291 
Deretter trykker du på "Tilbakestill aktivitetene" nedst på sida (Ei grå boks)

Deretter:

  1. Gjennomfør kurset "Kurs i legemiddelhåndtering for helsefagarbeidere og assistenter" - https://www.kslaring.no/course/info.php?id=13887
  2. Ha kursbeviset med deg (mobil eller papir, skjermbilete på mobil er ok)
  3. Meld deg på passeringstesten ved å avtala direkte med leiar for den tenesta du jobbar i (sjå informasjon lenger ned). 


For å kunne ta testen må du huske å ta med BankID, BankID på mobil, eller ditt kommunale ID kort (med chip).
NB: Møt opp presis til testen. 


Korleis meldar du deg på passeringstesten?

Påmelding skjer ved å velja ei av dei ledige datoane. 
MERK: Du kan berre melda deg på èin dato om gongen. Dersom du ikkje får meldt deg på ein ny dato, må du mest truleg først melda deg av på ein tidlegare dato. 


Oppmøtestad

Tingbakken, øvste etasje (same inngang som Norheimsund helsestasjon, etasjen over)



Forsidebilete: Arek Socha fra Pixabay