Konflikthandtering og varsel  

“Den murrande magekjensla”  

Treng du fagleg innspel på kva du som leiar skal gjere for å handtera konflikt og varsling, da er dette kurset for deg. 

Forarbeid

Det er forventa at du set av tid på førehand til å setje deg inn i  Varslingsrutina  og Rutine for handtering av konflikt, utilbørleg åtferd og trakassering . Noter gjerne spørsmål ved gjennomgang av rutinane.

Læringsutbytte

Å kunne handtere små og store konfliktar er viktig får å sikre eit godt arbeidsmiljø og ein god og profesjonell ramme for medarbeidarar og verksemda. Ofte er ikkje konflikten i seg sjølv problemet, men det at me unngår handling vert avgjerande for utfallet.

Kurset er ei kort innføring og vil gje deg betre forståing for årsaka og utviklinga av konflikten, korleis du som leiar skal sikre rett saksgang i ein konflikt eller varslingssak.

Innhald

  • Gjenkjenne og identifisera ein konflikt
  • Konflikten sin funksjon
  • Ulike rollar
  • Saksgang
  • Verktøy

Kurset passar for

Leiare på alle nivå

Det er maks 30 plassar på kvar samling. Dette er for å gje betre rom for dialog og spørsmål.

 Kurshaldarar
                                                                                                                               

Solveig Reinsli                          Aud Grete Ekestad                   Trine Langøen            

HR rådgjevar                            HR konsulent                           HMS rådgjevar            

Du kan sjå rutinane og innhald i kurset i samanheng med verdiane i Voss herad og 10-faktor.

Faktor 1: Oppgåvemotivasjon                           Faktor 2: Meistringstru                          Faktor 3: Sjølvstende

Faktor 4: Bruk av kompetanse                          Faktor 5: Meistringsorientert leiing         Faktor 6: Rolleklårheit

Faktor 7: Relevant kompetanseutvikling            Faktor 8: Fleksibilitetsvilje                     Faktor 9: Meistringsklima           

Faktor 10: Nytteorientert motivasjon

 

 

 

 

 

 
 

 

 


Kurssted
Heradsstyresal, Voss tinghus
Tid fra - til
09:00-11:00
Tidsbruk
2 timar
Forventet innsats
Aktiv deltaking
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
30 av 30