Grunnkurs i arbeidsmiljlø

Kurset er bygd opp av tre hovudddelar:

Fyrste del er eit tredagars kurs som vert gjennomført ved fysisk oppmøte/klasseromskurs.
Deltakarane blir lost gjennom dei sentrale HMS-temaene. Det blir lagt vekt på gruppearbeid, diskusjonar og erfaringsutveksling.

Andre del er ein nettbasert læring som kursdeltakarane gjennomfører på eigenhand.
Veka etter gjennomført klasseromskurs, får deltakarane tilgang til 8 modular. Dette er eit kurs kor deltakar på eigenhand skal gjennomføre 8 modular og få repetere og dykke vidare ned i dei ulike HMS-temaene.

Deltakar treng tilgang til ein PC med internett og det kan være lurt å planlegga gjennomføring av modulane, gjerne 1-2 kvar dag.

Tredje del er ein praktisk oppgåve som vert gjennomført på eigen arbeidsplass. Siste del av kurset handlar om å omsetja teori og praksis, og er ein mal som kursdeltakar skal fylle ut saman med leiar eller AMU/HMS gruppe på eigen arbeidsplass. Her skal deltakar lære korleis teori frå kurset vert gjennomført i praksis i eigen verksemd. 

Kurstype:

Grunnkurs i arbeidsmiljøarbeid (40 timars kurs). Opplæringstilbod etter krav i arbeidsmiljølova § 6-5.

For nye verneombod og verneombod som treng oppfrisking (meir enn 5 år sidan kurs).

Kurshaldar:
Bedriftshelsetenesta Avonova v/Caja Skyvulstad

Datoar: 2., 3. og 4.november.

Tid: 9.00-16.00

Stad: Skogsvåg kommunedelsenter (formannskapssal 3.etg)

Har du matallergiar? Då treng vi tilbakemlding om dette 1 veke før oppstart, dette kan meldast til Trude Villanger.


Forutsetninger
Verneombod i Øygarden kommune
Produsert av
Øygarden kommune
Deltakere
Tid fra - til
02.11.2021 kl. 09:00-16:00
03.11.2021 kl. 09:00-16:00
04.11.2021 kl. 09:00-16:00
Tidsbruk
40 timar
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
17 av 25
Påmeldingsfrist
01.11.2021