Om dette kurset
OBS! Dette kurset består av to dagar. Dette er dag 2 av 2. Begge dagar må gjennomførast for å få kurset fullført. Det er egen påmelding i KS læring til dag 1.
Målgruppe: Tilsette i einingar under Byrådsavdeling for barnevern og sosiale tjenester
Læringsmål: Etter gjennomført Lean 3 skal deltakarane oppleve at dei kan anvende relevant verktøy og føle seg rusta til å leie/ fasilitere prosessarbeid og eit konkret KF-prosjekt i si eining. Deltakarar skal kunne rettleie og motivere leiarar og tilsette til å drive forbetringsarbeid, samt vere prosesstøtte i Lean-prosessar for andre avdelingar og einingar
Påmelding: Påmelding via KS Læring
Kursbeskrivelse:
Lean - Kurs nivå 3
Vi ønsker alle einingar under Byrådsavdeling for arbeid, sosial og bustad velkomen til Lean-kurs nivå 3. Kurset rettar seg mot leiarar, tilsette med Lean-ansvar på eininga, prosjektleiarar, tillitsvalte og interesserte tilsette som ønskjer å lære meir om Lean, kontinuerlig forbetring og prosessleiing i praksis. Deltaking må vere avklart med leiar.
Kurset er delt i to delar fordelt på to dagar. For å få godkjent kurset må du ha tatt både del 1 og del 2.
Del 1: Lean-verktøy og prosessleiing
Del 2: Lean i teori og praksis
Kva får eininga igjen for å sende deltakarar på dette kurset?
Tenestene våre vert stadig stilt overfor endringar - både endra brukargruppar, nye budsjettmål og personalskifte. Lean er på den eine sida ein filosofi kor målet er å kontinuerlig forbetre og tilpasse verksemda framfor å gjennomføre større omstillingar. På den andre sida er Lean eit sett med konkrete verktøy for å løyse problem og prioritere dei rette forbetringane. Ved å delta på Lean-kurs, vil eininga stå betre rusta til å kunne jobbe systematisk med forbetringar i kvardagen.
Lean baserer seg også på at medarbeidarane aktivt deltar i prosessarbeidet, peiker på problem og svakheiter i drifta, og finn måtar å løyse oppgåvene betre på. Deltakarane på kurset vil lære korleis dei kan leie verkstadsarbeid med alle tilsette for å løyse konkrete problem. Å prioritere Lean-opplæring på eininga, bidreg til å oppnå målet om kompetente og engasjerte medarbeidarar som leitar etter forbetringsområde og gjennomfører forbetringstiltak i kvardagen.
Kva vert krevd av deltakarane?
Kursdeltakarane må førebu eigne presentasjonar til begge kursdagane. Tema for presentasjonane vil bli fordelt mellom kursdeltakarane. Kursdeltakarane må også vere innstilt på å løyse praktiske oppgåver undervegs i kurset.
Kurset forutset ein del førebuingar i forkant av kurset og mellom kursdagene, samt innkjøp og lesing av pensum
Pensum
«Lean blir norsk». Rolfsen, Monica (red). Forlag/Utgiver: Vigmostad & Bjørke AS. EAN: 9788245016000
Pris: Kr 500,- til dekking av mat og lokaler
Kontaktinformasjon til kursarrangør: Jeyla.
Stad: Bergen Rådhus 239 Hellen innolab
Avmeldingsfrist: Ei veke før kursstart. Deltakarar som melder seg av etter fristen vil bli fakturert for å dekke kostnadar ved kurset.