Om dette kurset
KS Forhandling arrangerar Sentralt avtalekurs med ulike tariffrettslege tema.Kurset er for leiarar og arbeidsgjevarrepresentantar frå Øygarden kommune.
Det vert tilbod om både innføringskurs i Hovudtariffavtalen og fleire ulike kursparallellar med moglegheit til å fordjupe seg i ulike emner og avtalar.
Kurset er heildigitalt og du vil få moglegheit til å følje kurs live og ha direkte dialog med kurshaldar. I tillegg vil du få tilgang til presentasjonane og opptak av alle andre kurs som vert gjennomført desse kursdagane i etterkant.
For at Øygarden kommune skal få dekka kursavgifta gjennom OU-midlar MÅ påmeldinga skje her gjennom KS-læring. Om du melder deg på sjølv, vil faktura gå til di eining.
