Påmeldingsmuligheter for dette kurset

Føremålet med kurset

Dette kurset er meint for alle tilsette i Eining for habilitering, Stord kommune. Me starta i 2021 med implementering av positiv åtferdsstøtte (PAS) som verdigrunnlag og rammeverk for tenestene våre. Kurset har som målsetting å gi ei innføring i kva PAS er, og korleis ein ved hjelp av rammeverket kan legga til rette for auka grad av livskvalitet for menneske med nedsett funksjonsevne. I tillegg skal kurset gi ei betre forståing for korleis ein kan legga til rette for førebygging og handtering av åtferd som utfordrar.

Etter at 3 tilsette i Eining for habilitering deltok på kurs i profesjonelt miljøarbeid 2 haldt av veiledningsteamet i EFF Sandnes kommune, var det ynskjeleg å få delt denne kunnskapen og i Stord kommune. Deler av kurset er difor bygd opp på deira arbeid. Me takkar Sandnes kommune for at dei velvillig delte med oss slik at me har kunna utarbeida dette kurset.

Om dette kurset

Kurset vil bestå av følgjande tema, i tillegg til refleksjonsoppgåver:

Leksjon 1 - Introduksjon: Kva er PAS

  • Kva er PAS

Leksjon 2 - Faglege element

  • Kjerneelement i PAS

Leksjon 3 - Åtferd som utfordrar

  • Åtferd som utfordrar
  • Funksjonell analyse
  • Proaktive og reaktive strategiar

Leksjon 4 - Aktiv støtte og SPELL 

  • Aktiv støtte og SPELL

Leksjon 5 - PAS plan og evaluering

  • PAS plan
  • Evaluering i PAS


Gjester har ikke tilgang til dette kurset, vennligst logg inn.