Info om kurset:
2 dagars HMS kurs for leiarar i Øygarden kommune.
Dato: 29. og 30.april 2024
Tid: 9.00-15.30
Stad: Sotra Arena 3.etg, VIP-rommet
Dette kurset tilfredsstiller arbeidsmiljølovas §3-5; plikt for arbeidsgjevar til å gjennomgå opplæring i helse, miljø og sikkerheit.
Målgruppe:
Einingsleiarar og avdelingsleiarar:
- som ikkje tidlegare har gjennomført grunnkurs i arbeidsmiljø
- som har gjennomført grunnkurs i arbeidsmiljø for meir enn 5 år siden
- som treng oppfrisking innan HMS
Kurset passer for alle leiarar, uavhengig av tenesteområde.
Læringsmål: Etter kurset skal du ha kunnskap om:
- Formålsparagrafen i Arbeidsmiljølova og aktørane i arbeidsmiljøarbeidet
- Ansvar, oppgåver og roller i arbeidsmiljøarbeidet
- Medverknad
- Systematisk HMS-arbeid
- Handtering av vald og trugsmål
- Kartleggingsmetodar
- Risikovurdering
- Saksgang
- Verkemiddel i HMS arbeidet og korleis utvikle arbeidsmiljøet
Kursskildring: For å kunne ta dei riktige avgjerdene i forhold til arbeidsmiljøet, skal arbeidsgjevar ha kunnskap om kva krav som gjeld, kva som skal til for å få eit godt arbeidsmiljø og korleis det skal arbeidast systematisk med helse-, miljø- og sikkerheit i verksemda.
Deltakarane får utlevert kursbevis og fullført kurs blir registrert i KS lærling.
På -og avmeldingsfrist: 26.april 2024
Forutsetninger
At du er leiar i Øygarden kommune.
Produsert av
Trude E Villanger
Kursansvarlig
Deltakere
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
5 av 25
Påmeldingsfrist
26.04.2024