Målgruppe: verneombod som ikkje har grunnopplæring i arbeidsmiljø (40 timars HMS kurs) frå siste fem år.

Kurset gjer ein grundig innføring i kva helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid (HMS), inneber for verksemda og den enkelte arbeidstakar. Kurset legg vekt på korleis leiar og verneombod kan samarbeide for å utvikle eit godt arbeidsmiljø. Målet er at kurset skal føre til utvikling av arbeidsmiljøet på deltakaranes arbeidsplass. Eit godt arbeidsmiljø er ein viktig faktor i arbeidet med sjukefråvær.

Kursdag 4 vert det innføring i gjeldande HMS rutinar og dokument i Øygarden kommune v/HMS rådgjevar frå eining Tryggleik. 

Læringsmål: Etter kurset skal du ha kunnskap om: 

  • Formålsparagrafen i Arbeidsmiljølova og aktørane i arbeidsmiljøarbeidet
  • Dei ulik HMS tema i arbeidsmiljølova og tilhøyrande forskrifter
  • Ansvar, oppgåver og roller i arbeidsmiljøarbeidet
  • Medverknad
  • Systematisk HMS-arbeid
  • Handtering av vald og trugsmål
  • Kartleggingsmetodar
  • Risikovurdering
  • Saksgang
  • Verkemiddel i HMS arbeidet og korleis utvikle arbeidsmiljøet
  • HMS rutinar og dokument i Øygarden kommune


Kursdato:

  • Dato: 27., 28. 29.mai og 4. og 5. juni 2024
  • Tid: kl 09.00 - 15.30
  • Stad: Sotra Arena VIP rom i 3.etg. Adresse: Idrettsvegen 50, Straume
  • Kurshaldar: Salutis

Kurset oppfyller arbeidsmiljølovas krav til opplæring av verneombod. Det vert lagt opp til aktiv deltaking, til diskusjon og bruk av deltakaranes eigne erfaringar.

Det vert servert lunsj og kaffi/te.

Har du matallergiar? Då treng vi tilbakemelding om dette seinast 1 veke før oppstart, dette kan meldast til trude.villanger@oygarden.kommune.no 

Deltakarane får utlevert kursbevis og fullført kurs blir registrert i KS lærling.

Velkommen på kurs!



Forutsetninger
Verneombod i Øygarden kommune.
Produsert av
Øygarden kommune
Deltakere
Kurssted
Sotra Arena VIP rom 3 etg
Tid fra - til
27.05.2024 - kl. 09:00-15:30
28.05.2024 - kl. 09:00-15:30
29.05.2024 - kl. 09:00-15:30
04.06.2024 - kl. 09:00-15:30
05.05.2024 - kl. 09:00-15:30
Tidsbruk
40 timar
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
11 av 25
Påmeldingsfrist
21.05.2024