Enrolment options

Lær korleis du kan oppdage sjølvmordsfare, stille dei vanskelege spørsmåla og yte livreddande førstehjelp med kurs i sjølvmordsførebygging frå Vivat.

Om dette kurset

Vivat tilbyr opplæring i korleis du kan bli meir merksam, fange opp signal og gi førstehjelp til personar i sjølvmordsfare. Kursa Vivat leverer er utforma slik at kursdeltakarar får ein felles kompetanse, uavhengig av profesjon og fagleg bakgrunn. 

Du får moglegheit til å bli meir medviten eigne haldningar til sjølvmord, og kursleiarane deler kunnskap om sjølvmordsåtferd og presenterer ein modell for intervensjon ved sjølvmordsfare. Vi øver på å bruke modellen. 

  • Kurset er prosessorientert og har ei fagleg og pedagogisk oppbygning som krev full deltaking begge kursdagar. I kurset blir det brukt ulike læringsmedtodar som førelesing, film, diskusjon, erfaringsutveksling, praktiske øvingar og arbeid i grupper.
  • Etter kurset vil du kunne:

    • Oppdage menneske som har det vanskeleg og kan vere i sjølvmordsfare

    • Stille direkte spørsmål om sjølvmordstankar

    • Hjelpe personen i sjølvmordsfare til å snakke om det som er vanskeleg

    • Arbeide med usikkerheit om å leve eller dø

    • Lage og iverksette ein plan saman med personen, med mål om å berge liv

    • Bruke hjelperessursar i lokalsamfunnet

  • Kurset passar for alle som møter menneske i sårbare livssituasjonar – både profesjonelle og frivillige. Det krev ingen forkunnskap, men stiller krav om aktiv deltaking begge kursdagar.

Guests cannot access this course. Please log in.