Info om kurset:
To dagars HMS kurs for leiarar i Øygarden kommune.
Dato: 17. OG 20. april 2023
Tid: 08.30-15.30
Stad:
17. april: Rom 212/213 på Rådhuset
20. april: VIP-rommet Sotra Arena, 2. etasje
Målgruppe:
Einingsleiarar og avdelingsleiarar:
- som ikkje tidlegare har gjennomført grunnkurs i arbeidsmiljø
- som har gjennomført grunnkurs i arbeidsmiljø for meir enn 5 år sidan
- som treng oppfrisking innan HMS
Kurset passer for alle leiarar, uavhengig av tenesteområde.
Læringsmål: Etter kurset skal du ha kunnskap om:
- Formålsparagrafen i Arbeidsmiljølova og aktørane i arbeidsmiljøarbeidet
- Ansvar, oppgåver og roller i arbeidsmiljøarbeidet
- Medverknad
- Systematisk HMS-arbeid
- Handtering av vald og trugsmål
- Kartleggingsmetodar
- Risikovurdering
- Saksgang
- Verkemiddel i HMS arbeidet og korleis utvikle arbeidsmiljøet
Dette kurset tilfredsstiller arbeidsmiljølovas §3-5; plikt for arbeidsgjevar til å gjennomgå opplæring i helse, miljø og sikkerheit.
Kursskildring: For å kunne ta dei riktige avgjerdene i forhold til arbeidsmiljøet, skal arbeidsgjevar ha kunnskap om kva krav som gjeld, kva som skal til for å få eit godt arbeidsmiljø og korleis det skal arbeidast systematisk med helse-, miljø- og sikkerheit i verksemda. Deltakarane får utlevert kursbevis og fullført kurs blir registrert i KS lærling. Kurshaldar er Nina berg frå Arbeidsmiljøsenteret.
