Informasjon om kurset
Pålagt opplæring for nye leiarar
Dato: 20.november 2025
Tid: 12.30-15.00
Stad: Øygarden rådhus, møterom 4.etg loftet
Tema: Slik arbeider vi med HMS i Øygarden kommune
I HMS-arbeidet, så er det eit hovudansvar for leiarar å sørge for eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø. Dette inneber å følge lovverket, ha kunnskap om HMS-krav og systematisk HMS-arbeid.
I dette kurset får du innføring i Øygarden kommune sitt systematiske HMS system. Vi går igjennom dei ulike rutinane og kva som er føringar for HMS arbeidet i Øygarden kommune. Det vert og gått igjennom kommunen sine rutinar kring alvorlege hendingar.
- Læringsmål: Etter å ha deltatt på dette kurset, så har du oversikt over korleis jobbe systematisk med HMS og kor du finn dei ulike rutinane i Compilo. Du vil og ha innsikt i gjeldande rutinar dersom alvorlege hendingar skjer i din eining.
- Målgruppe: Nye leiarar eller leiar som ynskjer innføring i Øygarden kommune sitt HMS system
Forutsetninger
Leiar i Øygarden kommune
Produsert av
Øygarden kommune
Deltakere
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
19 av 20
Påmeldingsfrist
17.11.2025
