Målgruppe: verneombod som ikkje har grunnopplæring i arbeidsmiljø (40 timars HMS kurs) frå siste fem år.

Kurset gjer ein grundig innføring i kva helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid (HMS), inneber for verksemda og den enkelte arbeidstakar. Kurset baserer seg på inngått avtale mellom LO og NHO om det faglege innhaldet i opplæring i arbeidsmiljø. Kurset legg vekt på korleis leiar og verneombod kan samarbeide for å utvikle eit godt arbeidsmiljø. Målet er at kurset skal føre til utvikling av arbeidsmiljøet på deltakaranes arbeidsplass. Eit godt arbeidsmiljø er ein viktig faktor i arbeidet med sjukefråvær.

Kursdag 4 vert det innføring i gjeldande HMS rutinar og dokument i Øygarden kommune v/HMS rådgjevar frå eining Tryggleik. 

Læringsmål: Etter kurset skal du ha kunnskap om: 

  • Formålsparagrafen i Arbeidsmiljølova og aktørane i arbeidsmiljøarbeidet
  • Dei ulik HMS tema i arbeidsmiljølova og tilhøyrande forskrifter
  • Ansvar, oppgåver og roller i arbeidsmiljøarbeidet
  • Medverknad
  • Systematisk HMS-arbeid
  • Handtering av vald og trugsmål
  • Kartleggingsmetodar
  • Risikovurdering
  • Saksgang
  • Verkemiddel i HMS arbeidet og korleis utvikle arbeidsmiljøet
  • HMS rutinar og dokument i Øygarden kommune


Kursdato:

  • Dato: 2.-6.oktober, veke 40
  • Tid: kl 09.00 - 15.30
  • Stad: Sotra Arena VIP rom i 3.etg. Adresse: Idrettsvegen 50, Straume
  • Kurshaldar: Arbeidsmiljøsenteret v/Nina Berg

Kurset oppfyller arbeidsmiljølovas krav til opplæring av verneombod. Det vert lagt opp til aktiv deltaking, til diskusjon og bruk av deltakaranes eigne erfaringar.

Det vert servert lunsj og kaffi/te.

Har du matallergiar? Då treng vi tilbakemelding om dette seinast 1 veke før oppstart, dette kan meldast til trude.villanger@oygarden.kommune.no 

Deltakarane får utlevert kursbevis og fullført kurs blir registrert i KS lærling.

Velkommen på kurs!


Forutsetninger
Verneombod i Øygarden kommune
Produsert av
Øygarden kommune
Deltakere
Kurssted
Sotra Arena VIP rom 3 etg
Tid fra - til
02.10.2023 kl. 09:00-15:30
03.10.2023 kl. 09:00-15:30
04.10.2023 kl. 09:00-15:30
05.10.2023 kl. 09:00-15:30
06.10.2023 kl. 09:00-15:30
Tidsbruk
40 timar
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
7 av 25
Påmeldingsfrist
23.09.2023