Info om kurset:
1 dag - lovpålagt HMS kurs for leiarar
Dato: Måndag 27.oktober 2025
Tid: Kl. 8.30-15.30
Stad: Sotra Arena VIP rom i 3.etg. Adresse: Idrettsvegen 50, Straume
Kurshaldar: Bedriftshelsetenesta Salutis v/Magnus Gulhaugen og Solgun Ellingsen
Dette kurset tilfredsstiller arbeidsmiljølovas §3-5; plikt for arbeidsgjevar til å gjennomgå opplæring i helse, miljø og sikkerheit.
Målgruppe:
Einingsleiarar og avdelingsleiarar:
- som ikkje tidlegare har gjennomført lovpålagt HMS kurs for leiarar
- som treng oppfrisking innan HMS, har hatt HMS opplæring for meir enn 8 år sidan
Kurset passer for alle leiarar, uavhengig av tenesteområde.
Læringsmål: Etter kurset skal du ha kunnskap om:
- Arbeidsmiljøloven og aktuelle forskrifter
- Psykososialt- og organisatorisk arbeidsmiljø - krav til førebygging
- Korleis kartlegge og risikovurdere organisatoriske faktorer?
- Innføring i ergonomi - krav til risikovurdering og førebyggande arbeid
- Innføring i systematisk HMS-arbeid
- Innføring i yrkeshygiene
Kursskildring: For å kunne ta dei riktige avgjerdene i forhold til arbeidsmiljøet, skal arbeidsgjevar ha kunnskap om kva krav som gjeld, kva som skal til for å få eit godt arbeidsmiljø og korleis det skal arbeidast systematisk med helse-, miljø- og sikkerheit i verksemda.
Deltakarane får utlevert kursbevis og fullført kurs blir registrert i KS lærling.
Frist for påmelding torsdag 23.oktober 2025