Info om kurset:
1 dag - lovpålagt HMS kurs for leiarar 

Dato: Måndag 27.oktober 2025

Tid: Kl. 8.30-15.30

Stad: Sotra Arena VIP rom i 3.etg. Adresse: Idrettsvegen 50, Straume

Kurshaldar: Bedriftshelsetenesta Salutis v/Magnus Gulhaugen og Solgun Ellingsen

Dette kurset tilfredsstiller arbeidsmiljølovas §3-5; plikt for arbeidsgjevar til å gjennomgå opplæring i helse, miljø og sikkerheit.


Målgruppe:
 

Einingsleiarar og avdelingsleiarar:

  • som ikkje tidlegare har gjennomført lovpålagt HMS kurs for leiarar
  • som treng oppfrisking innan HMS, har hatt HMS opplæring for meir enn 8 år sidan

Kurset passer for alle leiarar, uavhengig av tenesteområde.

Læringsmål: Etter kurset skal du ha kunnskap om: 

  • Arbeidsmiljøloven og aktuelle forskrifter
  • Psykososialt- og organisatorisk arbeidsmiljø - krav til førebygging
  • Korleis kartlegge og risikovurdere organisatoriske faktorer?
  • Innføring i ergonomi - krav til risikovurdering og førebyggande arbeid
  • Innføring i systematisk HMS-arbeid 
  • Innføring i yrkeshygiene 

Kursskildring: For å kunne ta dei riktige avgjerdene i forhold til arbeidsmiljøet, skal arbeidsgjevar ha kunnskap om kva krav som gjeld, kva som skal til for å få eit godt arbeidsmiljø og korleis det skal arbeidast systematisk med helse-, miljø- og sikkerheit i verksemda. 

Deltakarane får utlevert kursbevis og fullført kurs blir registrert i KS lærling.

Frist for påmelding torsdag 23.oktober 2025

Prerequisites
Leiar med personalansvar i Øygarden kommune
Produced by
Øygarden kommune
Participants
Location
Sotra Arena VIP rom 3 etg
Time from - to
27.10.2025 kl 08.30-15.30
Estimated time spent
7 timer
Course Type
Event
Available seats
5 of 27
Deadline
26.10.2025