HR og kompetanse inviterer leiarar i kommunen velkommen til å delta på KS Tariffskole og Sentralt avtalekurs. Om du tidlegare har vore med på KS sine sentrale avtalekurs, vil du denne gongen oppleve at dei har fornya seg. Det sentrale avtalekurset går som tidlegare over to dagar, med første kursdag 6.februar. Dag to vert denne gongen i september.

 

KS Tariffskole vil gje deg tilgang til kurs og podkast om relevante tema. Kvar første fredag i månaden vert det kurs i månadens tema i kursplattforma. Det vil minst komme eit kurs og ein podkast kvar månad. Første kurs i KS Tariffskole kommer 1. mars 2024.

Alle kurs er heildigitale og du vil ha tilgang til alle kurs og presentasjonar i heile 2024.

For meir informasjon: Sentralt avtalekurs 2024 (qondor.com)

For at Øygarden kommune skal få dekka kursavgifta gjennom OU-midlar MÅ påmeldinga skje her gjennom KS-læring. Om du melder deg på sjølv direkte, vil faktura gå til di eining. Påmeldingsfrist  30.januar 2024.


Forutsetninger
Leiar i Øygarden kommune
Produsert av
Øygarden kommune
Kurssted
Digitalt kurs
Tid fra - til
06.02.2024 kl. 09:30-15.00
Tidsbruk
ca 20 timar
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
73 av 100
Påmeldingsfrist
30.01.2024