Målgruppe: verneombod og medlem av arbeidsmiljøutval, som ikkje har grunnopplæring i arbeidsmiljøarbeid (40 timars HMS kurs) frå siste fem år.
Kurset gjev grundig innføring i kva helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid (HMS) inneber for verksemda og den enkelte arbeidstakar. Kurset legg vekt på korleis leiar og verneombod kan samarbeide for å utvikle eit godt arbeidsmiljø. Målet er at kurset skal føre til utvikling av arbeidsmiljøet på deltakarane si arbeidsplass/i kommunen. Eit godt arbeidsmiljø er ein viktig faktor i arbeidet med sjukefråvær.
Kursdag 4 vert det innføring i gjeldande HMS rutinar og dokument i Øygarden kommune v/HMS rådgjevar frå eining HR, forvaltning og kvalitet.
Læringsmål: Etter kurset skal du ha kunnskap om:
- Formålsparagrafen i Arbeidsmiljølova og aktørane i arbeidsmiljøarbeidet
- Dei ulik HMS tema i arbeidsmiljølova og tilhøyrande forskrifter
- Ansvar, oppgåver og roller i arbeidsmiljøarbeidet
- Medverknad
- Systematisk HMS-arbeid
- Handtering av vald og trugsmål
- Kartleggingsmetodar
- Risikovurdering
- Saksgang
- Verkemiddel i HMS arbeidet og korleis utvikle arbeidsmiljøet
- HMS rutinar og dokument i Øygarden kommune
Kursdato:
- Dato: 14., 15., 28., 29. og 30. oktober 2025
- Tid: kl 09.00 - 15.30
- Stad: Sotra Arena VIP rom i 3.etg. Adresse: Idrettsvegen 50, Straume
- Kurshaldar: Salutis
Kurset oppfyller arbeidsmiljølovas krav til opplæring av verneombod/medlem av arbeidsmiljøutval. Det vert lagt opp til aktiv deltaking, til diskusjon og bruk av deltakarane sine eigne erfaringar.
Det vert servert lunsj og kaffi/te.
Har du matallergiar? Då treng vi tilbakemelding om dette seinast 1 veke før oppstart, dette kan meldast til trude.villanger@oygarden.kommune.no
Deltakarane får utlevert kursbevis og fullført kurs blir registrert i KS lærling.
Velkommen på kurs!