Velkommen til leiarsamling på Scandic Voss.
Me veit alle at me i framtida må gjera noko annleis og me må nytta ressursane våre på ein betre måte. I ein travel kvardag er det kanskje vanskeleg å sjå føre seg korleis ein skal ha tid og rom for å tenkja desse nye tankane, på same tid som me har ein drift me skal halda i gang.
Kva skal til for å få til dette?
Me er så heldige at me har fått med oss Christine Meyer og Monica Rydland, begge frå NHH. Dei skal hjelpa oss til å sjå på kva me skal fokusera på og korleis dei som (mellom)leiarar er gode endringsagentar ute i organisasjonen. Det vil koma ut meir informasjon om førebuing til samlinga, verktøya me skal nytta og vegen vidare i god tid før samlinga.
Me startar med kaffi kl. 08.30, og programmet startar kl 09.00.
